Fagfest i kveld!

Minner om at det er fagfest i dag, fjerde februar. Det kan sjå ut som invitasjonen som vart lagt ut her forsvann, så her kjem informasjonen om att (same info finn du forøvrig i facebookgruppa vår):

Dato: Torsdag 4 februar 2010
Tid: 19:00
Stad: Sydnesplassen (instituttbygget) rom 209 (detaljert vegskildring lenger nede, ring 95849350 om du står fast)

Då er det endeleg klart for den store hendinga som vil lysa opp alle vintermørke sinn: Me feirer semesterstart, våren og at det framleis er lenge til eksamen med semesterets første fagfest!

Denne festen er tverrfagleg, med andre ord er det ein fest for alle fag under AHKR sjølv om den er arrangert av fagutvalget for religionsvitskap. Du kan likevel ta med deg venner frå andre fag enn dei også om du vil det!

På programmet står først og fremst hygge og sosialt samvere på tvers av faga, men me har i tillegg vore så heldige å få med oss nokre masterstudentar som skal halda kvart sitt uformelle foredrag over temaet sex innan sitt fagfelt. Dei som skal snakka er Henriette Hop (arkeologi), Knut Melvær, Aina Sogn og Jonas Svendsen (alle tre frå religionsvitskap). Samla tid for foredraga vert ca ein time, pluss diskusjon.

Etterkvart vil me bevega oss i samla flokk til ein av byens serveringsstader for å fortsetta festen ut i dei små timar.

Kvar er rom 209 på Sydnesplassen? For dei som har vore på fagfest før: det er der me har vore dei siste gongene. For nykommarar: gå inn inngangen til infosenteret til HF og gå opp første trappa til høgre. I andre etasje ligg rom 209. Om du har problem med å finna fram kan du ringja Daniel på tlf 958 49 350 og få vidunderleg verdifull vegleiing.

Bring den væska som set deg best i feststemning og bli med oss på ein kveld du seint vil gløyma!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *