Vil du vera med i fagutvalget?

Interessert i å vera med i fagutvalget? På fredag (09.09) kl 1230 har me møte i andre etasje i kantina på Sydneshaugen skole. Om du vil vera med er det berre å møta opp der eller senda meg ein mail på daniel.fitjar@student.uib.no.

Det viktigaste me må gjera på møtet på fredag er å få på plass desse verva:
– 2 studentrepresentantar i fagrådet (desse vert religionsstudentane sitt talerøyr i fagspørsmål, som til dømes eksamensordningar. Me treng helst ein representant frå bachelornivå til ein av desse plassane.)
– 2 arrangementsansvarlege (hovudsakleg fagfestorganisering, romreservasjon etc. – I haust skal me prøva å få til turar til hindutempelet og til moskeen, dei arrangementsansvarlege får jobben med å kontakta desse og avtala møte)
– 2 PR-ansvarlege (ein med ansvar for plakatar, og ein med ansvar for web, eller begge på begge deler. Desse informerer også jamleg på forelesningar. Derfor bør helst minst ein av dei vera på bachelornivå)
– Økonomiansvarleg.

Ein person kan gjerne ha fleire verv. Det er også mogeleg å vera medlem utan å ha noko verv, men heller hjelpa til når det trengst. Kor mykje arbeid du vel å leggja i fagutvalsarbeidet er heilt opp til deg.

Fagutvalsarbeid er ei arbeidserfaring som dei fleste arbeidsgivarar ser svært positivt på. I tillegg kan arbeidet hjelpa deg med å få gode venner og kontaktar som kan vera gode å ha om du vil satsa på religionsvitskap i framtida. Eg kan skriva attest på arbeidet som er gjort etter endt semester for dei som ønskjer det.

Håpar å sjå gamle og nye medlemmer på fredag!

Daniel

Be Sociable, Share!

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *