Areopagosstipendet 2011

“Har du fått øynene opp for nye sammenhenger? Areopagosstipendet gis til studieprosjekter innenfor misjonsorganisasjonen Areopagos’ arbeidsområder i Norge og Kina: religionsdialog, nyåndelighet, kristen spiritualitet og trospraksis i dag.

Stipendet er på NOK 100 000 og går til underhold og utgifter i forbindelse med prosjekter av 1-6 måneders varighet. En kan søke om hele summen eller deler av den. Hvis søker har studiepermisjon med lønn, vil bare ekstrautgifter til prosjektet kunne betales.
Areopagos avgjør etter en helhetsvurdering av søknadene om stipendet skal gis til ett større prosjekt eller deles mellom flere mindre prosjekter.

Søknadene blir vurdert etter disse kriteriene:

· Kvalitet i prosjektpresentasjonen

· Tydelig plan for gjennomføring

· Realistisk/gjennomførbart prosjekt

· Fremmer ny tenkning og praksis

· Fremmer Areopagos’ visjon, verdier og formål – og gjerne kombinerer flere av av organisasjonens arbeidsområder

· Praksisnært/relevant i forhold til kirkens oppdrag

Krav til søkeren
Vi stiller ikke formelle krav til at søkeren må være på et bestemt akademisk nivå, men forventer prosjekter av høy kvalitet. Søkeren må ha en tilstrekkelig og praktisk bakgrunn, i tillegg til studie- og formidlingsevne.
Søkeren må være innstilt på, i samarbeid med Areopagos, å presentere studiets resultat for et bredere publikum gjennom publikasjon og/eller et faglig arrangement.

Målgrupper for stipendet
Personer med en god idé og et godt prosjekt, som passer med Areopagos-stipendets formål, for eksempel:

· Ansatte i kirken eller organisasjoner

· Studenter eller forskere som vil gjøre forarbeid til et større studium eller formidle forskning i en folkelig form

· Personer med erfaring og engasjement innenfor et aktuelt fagområde

Søknadsfrist: 7. mars 2011. Bruk dette søknadskjemaet.

OBS! Du må først lagre en kopi av skjemaet på din egen datamaskin. Send den ferdig utfylte kopien som vedlegg til mail. Du må ha innstallert oppdatert versjon av gratisprogrammet Adobe Reader for å lagre informasjon i skjemaet (Last det ned her.) Hvis du ikke får lagret informasjon i skjemaet, ta utskrift og send den i posten eller som skannet vedlegg til e-post.

Kontakt: Areopagos v/ Tore Laugerud tl@areopagos.org (tlf. 23 33 17 07)”

http://areopagos.org/pages/side.aspx?nr=97

Studietur: Istanbul våren 2011

Istanbul er en by som formelig oser av religionshistorie — fra antikken via kristen periode, til islamsk og nyere tid. Byens rolle i europeisk religionshistorie er derfor sentral og utgjør et meget egnet reisemål for oss som studerer religion! I denne anledningen ledsages vi av professor Einar Thomassen, og har også med oss Jonas Svendsen, som etter gjentatte besøk kjenner byen godt.

For å oppnå mest mulig studentvennlige priser, organiserer FUR studieturen på egenhånd og satser på at studentene kan dele rom. Dette medfører at vi i kontakt med flyselskap og hotell behøver konkrete tall å operere med så snart som mulig. Påmeldingen er derfor bindende og påmeldingsfristen er søndag 23. januar.

Påmelding og eventuelle spørsmål sendes til FURs mailadresse: fagutvalg.religionsvitenskap@ahkr.uib.no
I påmeldingen inkluderes fullt navn, foretrukken e-postadresse og telefonnummer.
Studieturen er åpen for studenter og ansatte ved religionsvitenskap vårsemesteret 2011. Av praktiske hensyn har vi satt et tak på 20 reisende, og vi opererer etter «førstemann til mølla»-prinsippet.

Praktiske opplysninger:
Frist for påmelding (bindende): Søndag 23. januar
Dato: (Morgen) onsdag 30. mars ? mandag 4. april 2010
Prisoverslag (med forbehold om endringer): Flybilletter (KLM) ca 2000 NOK + hotellopphold (4 netter) ca 2000 NOK.

Vennlig hilsen FUR

Takk for i vår!

Vårsemesteret er over, og me i fagutvalet vil takka kvar og ein som har vore med på arrangement og gjort dette til eitt av dei beste og mest innhaldsrike semestera i fagutvalet si historie! Me vil halda oppe det nivået me har hatt dette semesteret, men til det treng me di hjelp.

I haust vert det nemlig ein del utskiftingar i fagutvalet. Nokre av oss dreg frå Bergen og nokre er ferdige med mastergraden sin og religionsfaget. Men den største utfordringa er at dei gjenverande på bachelornivå leverer bacheloroppgåva si denne våren. Dermed vil alle dei medlemmene som står att vera på masternivå til hausten.

Me i fagutvalet er opptekne av å laga arrangement for alle på religionsvitskap, og me meiner at arrangementskomiteen også bør spegla dette. Derfor treng me spesielt to medlemmer på bachelornivå, sjølv om me sjølvsagt vil ha med alle som vil bidra.

Arbeidet i fagutvalet tek svært lita tid, og du bestemmer heilt sjølv kor mykje du vil bidra med. Me har (ganske så uformelle) møte om lag ein gong i månaden, der me planleggjer aktivitetar, fagfestar og foreslår saker til møter i programrådet, der leiaren vår er religionsstudentane sin representant. To spesifikke jobbar som vert ledige til hausten er leiar for filmklubben (ein jobb du deler med Anders Vaage) og publisering av nyhende og arrangement på facebook og fur.b.uib.no, men det er også mogeleg å vera medlem av fagutvalet utan å ha spesifiserte arbeidsoppgåver (noko som gjeld dei fleste av oss i dag).

Om du ønskjer å vera med kan du senda mail til fur@uib.no, eller ta kontakt med ein av oss som alt er med (administratorane i fur-gruppa på facebook).

Med venleg helsing og ønskje om ein strålande sommar til alle,
Fagutvalget for religionsvitenskap

Eksamensfagfest!

Tid: Fredag 11. juni kl 1815
Stad: Sydnesplassen (instituttbygget) rom 209

Semesteret nærmar seg slutten og eksamenane er like om hjørnet for dei fleste av oss. Men etter regn kjem sol, og etter eksamen kjem eksamensfest! Me feirer at eksamen er overstått og sparkar sommarferien i gang med gode vener, god stemning og religionsquiz!

Bring den væska som set deg best i feststemning og bli med på ein kjempekjekk kveld! Etterkvart vil me bevega oss i samla flokk til ein av byens serveringsstader (sannsynlegvis Kvarteret) for å fortsetta festen ut i dei små timar.

Kvar er rom 209 på Sydnesplassen? For dei som har vore på fagfest før: det er der me har hatt festane dette semesteret. For nykommarar: gå inn inngangen til infosenteret til HF og gå opp første trappa til høgre. I andre etasje ligg rom 209. Om du har problem med å finna fram kan du ringja Daniel på tlf 958 49 350 og få vidunderleg verdifull vegleiing.

Skal du søke master til høsten?

For de som skal søker til masterstudiet som begynner til høsten: Som vi alle vet, kan uib.no være litt kronglete å finne frem i for å si det mildt, så jeg legger dem ut linkene til info-sidene her:

http://www.uib.no/studieprogram/MAHF-RELV
http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium-ved-det…-humanistiske-fakultet

Dersom noen har spørsmål, ikke nøl med å sende en melding/mail eller kommentere nedenfor, så sender jeg en fellesmail til studieveileder 7. mai. Spørsmål og svar vil så bli lagt ut her på FUR-siden og i facebook-gruppen/diskusjonsseksjonen på facebook-gruppens sider. 🙂

(Skulle du komme på spørsmål etter 7. mai, så bare gi beskjed. Det viktigste er at du sier ifra om at du lurer på noe.)

Hilsen Jane

Besøk frå Bahá’í-samfunnet i Norge

Onsdag 21. april kl 1815 får me besøk av Tone og Odd Gunnar Holsen frå Bahá’í-samfunnet i Norge, som skal fortelja oss litt om religionen sin og om samfunnet deira i Noreg og i Bergen. Møtet vert halde i auditorium A på Sydneshaugen skole.

Bahá’í er ein religion som ikkje får stor merksemd i vårt pensum og som dei fleste av oss veit svært lite om, sjølv om dei har medlemmer og forsamlingshus i Bergen. Derfor er dette ein gyllen mulighet til å læra noko nytt!

Litt om bahá’íane i Noreg frå deira eigne nettsider bahai.no:
“Bahá’í-samfunnet i Norge er del av Det internasjonale bahá’í-samfunnet som teller over 6 millioner mennesker. Det er ett av verdens største, organiserte fellesskap. I Norge er det nå ca. 1080 medlemmer. Det internasjonale bahá’í-samfunnet har den nest største geografiske utbredelsen av alle religioner, etter kristendommen. Bahá’í-troen vokser raskt.

Det bor bahá’íer i ca. 130 kommuner i Norge, i alle fylker. 18 steder er det større samfunn med lokale råd.”

Filmklubb: Program for april/mai

Dei siste filmane i filmklubben dette semesteret er klare (trykk på lenkene for å koma til facebook-eventen for kvar av dei)! Som nemnt før vert neste film Paradise Now den 12. april. Så beveger me oss litt lenger aust til historia om den 14. Dalai Lama i filmen Kundun den 26. april. Når me har runda mai nærmar eksamenstida seg med stormskritt, så då tek filmklubben sommarferie. Mange tek relv103 denne våren, og derfor avsluttar me for semesteret med Sita Sings the Blues den 10. mai, ei moderne tolking av Ramayana. Med andre ord ein god grunn til å ta pause i eksamenslesinga! Denne siste filmen er berre 80 minuttar lang, så me får ekstra god tid til å gå på Kvarteret etterpå. Håpar så mange som mogeleg vert med oss for å avslutta kvelden der og takka for denne gong, sjølv om me kan spara avskjedane til fagfesten ved eksamensslutt:)

Om filmklubben:
Fagutvalget for religionsvitskap arrangerer filmklubb annakvar måndag for alle religionsstudentar og andre som interesserer seg for religion ved UiB. Her vil me visa filmar som kan vera interessante for deg som religionsstudent, men fokus er først og fremst på at me skal gjera noko kjekt saman. Etter filmvisningane vert det fagøl på Kvarteret. Me håpar å sjå deg der!

For filmklubben
Daniel Croles Fitjar
daniel.fitjar@student.uib.no / 95849350

Fagfest med foredrag: Religion og nye medier

Tid: Tysdag 23. mars kl 1900
Stad
: Sydnesplassen (instituttbygget) rom 209 (detaljert vegskildring lenger nede, ring 95849350 om du står fast)

På tysdag er det på tide med fagfest igjen! Me møtest for nok ein fantastisk kveld med gamle og nye venner i religionsvitskapens teikn. Me får besøk frå Universitetet i Bremen av Kerstin Radde Antweiler, som skal fortelja oss om sitt arbeidsfelt religion i nye medier. Etterpå vil ho informera litt om utvekslingsprogrammet mellom UiB(ergen) og UiB(remen) som kanskje kan vera spennande for ein del religionsstudentar.

Bring den væska som set deg best i feststemning og bli med på ein kjempekjekk kveld! Etterkvart vil me bevega oss i samla flokk til Kvarteret for å fortsetta festen ut i dei små timar.

Kvar er rom 209 på Sydnesplassen? For dei som har vore på fagfest før: det er der me har vore dei siste gongene. For nykommarar: gå inn inngangen til infosenteret til HF og gå opp første trappa til høgre. I andre etasje ligg rom 209. Om du har problem med å finna fram kan du ringja Daniel på tlf 958 49 350 og få vidunderleg verdifull vegleiing.

Besøk i moskeen i Bergen

Onsdag 17. mars kl 18:00 er religionsstudentar og andre interesserte inviterte på besøk i moskeen i Bergen. Her har du mogelegheita til å læra meir om islam generelt, og islam i Noreg og Bergen spesielt, frå eit innanfråperspektiv. Me vil få ei omvisning i moskeen og det vert anledning til å stilla spørsmål. Etter presentasjonen er det solnedgangsbøn, og me har planar om å vera til stades under denne.

Bergen moske ligg i Jekteviksbakken 27, altså rett nedanfor Dragefjellet (gult hus, nabobygg på Møhlenprissida av “Jus II”). Me går dit i samla flokk, felles oppmøte framfor Johanneskirken (den store raude av murstein) klokka 1740.

Vonar du vert med, det vert garantert spennande!

Fagkritisk dag 2010: Religion i media

Fagutvalget i religionsvitenskap har gleda av å invitera til

Fagkritisk dag 2010: «Religion i media»

Tid: Torsdag, 4. mars
Sted: Auditorium E / Seminarrom M

Som den oppvakte student kanskje har fått med seg, er det ingen forelesningar torsdag 4. mars. Det er fordi UiB har såkalla fagkritisk dag, ein dag der me skal sjå på faget vårt i eit litt anna perspektiv. Det gjeld også for religionsvitskap!

Me har valt temaet religion i media i år, og me vonar du tek turen innom!

Program (alle innlegg i auditorium E, lunsj i seminarrom M)

  • 10.15-11.00: Vebjørn Selbekk, DagenMagazinets samfunnsredaktør om en kristen avis’ religionsjournalistikk
  • 11.15-12.00: Bjørn Olav Hammerstad, Familie & Medier: Er det behov for religionskompetanse i media?
  • 12.15-13.00: Faglunsj
  • 13.15-14.00: Ingvild S. Gilhus: Religion i media i antikken

Alle interesserte er velkomne!